Utviklingsprogrammet skal fremje lovande utøvarar gjennom skreddarsydde opplegg for kvar enkelt artist. Målgruppa er unge artistar mellom 16 og 23 år, busett i Sogn og Fjordane som ynskjer å leve av musikken i framtida. Prosjektet skal gi utøvaren verktøy for å komme seg eitt steg vidare i musikkarrieren. Gjennom workshops og mentoring med etablerte aktørar og andre som kjenner bransjen vil utøvaren få eit tilrettelagt opplegg. Gjennom søknad skal juryen plukke ut ein person som får delta i programmet. Programmet skal tilpassast kvar enkelt, men kan til dømes innehalde:

  • Feedback på liveuttrykk

  • Mentoring

  • Deltaking på bransjetreff/festival

  • Innspeling av demo/produsent

  • Arbeid med musikkvideo

  • Økonomi/føretaks rådgjeving

Søknadsfrist: 30. oktober

 

Søknadsskjema finn du her.