Etableringsprogrammet er eit tilbod for dei som vil etablere bedrift innan musikknæringa t.d. studio, plateselskap, scene, festival eller bookingbyrå i Sogn og Fjordane. Programmet skal gje nødvendige råd og verktøy for å komme i gang. Dette skal være ei lågterskelordning for å konkretisere og vidareutvikle ein idé og legge grunnlag for vidare arbeid. I søknaden skal det leggast ved eit budsjett for første driftsår inklusiv oppstartskostnadar. 

Programmet vil bli tilpassa den enkelte sitt behov, men kan til dømes innehalde:

  • økonomirådgiving

  • søknadsrådgiving

  • pr- og marknadsføringsrådgiving

  • design- og profilrådgiving

  • deltakelse på bransjetreff

Musikkbransjen er per i dag ikkje stor i Sogn og Fjordane og vi ser få nyetableringar. Med dagens strukturar og teknologi er det ikkje lenger umogleg å drive med denne type næring der ein bur. Fondet ynskjer å være ein pådrivar for at vi skal sjå fleire etableringar i åra som kjem.

Søknadsfrist: 30. oktober

 

Søknadsskjema finn du her.