Alle artistar/band med tilknyting til Sogn og Fjordane kan søkje om stønad til innspeling.

Krav til søknad:

  • Prosjektskildring
    • Kort skildring om artist/band og prosjekt
    • Informasjon om innspelingsstad
    • Marknadsføringsplan og strategi for slepp
  • Budsjett
  • Lydfil

Prosjektskildring og budsjett må leverast i PDF. Pass på at lenke til lydfil fungerer slik at juryen har den informasjonen som trengs for å vurdere ditt prosjekt som kandidat for å motta stønad. 

Fondet har ingen sjangeravgrensing. Plateselskap frå Sogn og Fjordane kan også søkje.