Alle artistar/band med tilknyting til Sogn og Fjordane kan søkje om stønad til innspeling.
Krav til søknad:
Prosjektskildring
Kort skildring om artist/band og prosjekt
Informasjon om innspelingsstad
Marknadsføringsplan og strategi for slepp
Budsjett
Lydfil
Prosjektskildring og budsjett må leverast i PDF. Pass på at lenke til lydfil fungerer slik at juryen har den informasjonen som trengs for å vurdere ditt prosjekt som kandidat for å motta stønad.
Lydfil kan vere enkel demo, liveopptak frå øvingsrommet eller allereie utgitt materiale.
Fondet har ingen sjangeravgrensing. Plateselskap frå Sogn og Fjordane kan også søkje.
Søknadsfrist: 30. oktober