Talentprogrammet skal fremje lovande utøvarar innan det rytmiske feltet gjennom skreddarsydde opplegg for kvar enkelt artist. Målgruppa er unge artistar mellom 13 og 23 år, busett i Sogn og Fjordane og som ynskjer å leve av musikken i framtida. Prosjektet skal gi utøvaren nokre verktøy for å komme seg eitt steg vidare i musikkarrieren. Gjennom workshops og mentoring med etablerte aktørar og andre som kjenner bransjen vil dei unge talenta få eit tilrettelagt opplegg og moglegheit til å spele på heilt nye scener. Gjennom søknad skal juryen plukke ut ein artist som får delta i talentprogrammet. Talentprogrammet skal innehalde:

  • Feedback på liveuttrykk
  • Mentoring
  • Deltaking på bransjetreff/festival
  • Innspeling av demo/produsent
  • Arbeid med musikkvideo
  • Økonomi/føretaks rådgjeving