Ei ny satsing for dei som vil etablere bedrift innan musikknæringa t.d. studio, plateselskap eller bookingbyrå i Sogn og Fjordane. SOMU sitt etableringsprogram skal gje nødvendige råd og verktøy for å komme i gang. Dette skal være ei lågterskelordning for å konkretisere og vidareutvikle ein idé og legge grunnlag for vidare søking til andre næringsfond. I søknaden skal det leggast ved eit budsjett for første driftsår inklusiv oppstartskostnadar. I stipendet ligg det mentor og reisestønad til ein nasjonal eller internasjonal bransjefestival/kursarena.

Musikknæringa er pr. i dag ikkje stor i Sogn og Fjordane og vi ser få nyetableringar. Med dagens strukturar og teknologi er det ikkje lenger umogleg å drive med denne type næring der ein bur. Fondet ynskjer å være ein pådrivar for at vi skal sjå fleire etableringar i åra som kjem.